Kan gamle-kyrkja på Vinje reisa seg frå dei døde?

Av Knut Markhus. Avisa “Hordaland” 8. juli 2000

I 1872 vart den då to hundre år gamle kyrkja på Vinje riven, og Vossestrand mista eit viktig kulturminne. Men kyrkja er aldri blitt gløymt, og kanskje er ho heller ikkje tapt for alltid. Mykje av tømmeret og inventaret er teke vare på, og mange meiner at Voss i dette sit på ein rik kulturskatt. I beste fall kan kyrkja gjenreisast.

I denne artikkelen skal me sjå på historia til Vinjekyrkja. Seinare skal me møta dei som engasjerer seg i denne heilt spesielle kyrkjesaka, og sjå på kva som er gjort og på dei djerve planane vidare.

”Da va syndalæ dei skulde riva ned gamla-kyrkjo. Ho skulde fenge stende ho, ho var so fin. Ho va maolt inni og da va fine skjeldringa pao glasruto, bade-engla og adla handu. Rutna stod i blyliste. Døypefonten va mesta so ein storu kobb med eit messing fat.”
Dette skriv Knut Bjørgås i ”Or gommol tid”. Han skildrar eit bygg som var alt anna enn enkelt og fattig, slik kyrkja kanskje kunne sjå ut frå utsida.
”Kyrkjo va blaomaolt inni. Pao veggjo va dar maolt billete tao apostla og profeta. Unde himmlingjæ va maolt so mykkje stjedne. Sjaustjedno va dar, og ei stjedna so rasa. Ho kom ifrao aust, og dar va nokko lysande strek ette henne so sprikte ut tilsies.”

Kyrkja blir til

I Roald Lyngvær si soge om Strandakyrkjene kan me lesa om korleis Vinje-kyrkja vart til: Ei middelalderkyrkje hadde trufast gjort si teneste på Vinje i fleire hundre år, men i slutten av 1660-åra vart det teke avgjerd om å byggja ny. Kyrkjerekneskapen for 1668-70 rapporterer: ”Betalt til Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfang til Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl». «Iligemaader er Betalt Magne Essen, med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhuss af nye at opbygge efter Contract 70 Rdl”.
Denne ”Magne Essen” er den same som Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger, bror til lensmann og sageigar Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheim-brørne var blant dei første bøndene som dreiv med byggjeverksemd i Bergen i større omfang. Når det gjaldt ”Thømmer” og ”Træfang” trong ein ikkje reisa langt for å finna det. I Kyrkjeteigen ved Brandset stod to hundre år gamal skog hogstklar.
I 1671 vart så kyrkja reist. Byggmeister skal ha vore Ola Botolvson Sundve (1632 – 1711) – ein hendig kar som også var både postbod og smed. Sirleg signerte han verket på ein bjelke, som vart gjenfunnen i 1985. Det blir sagt at same mann bygde kyrkja på Oppheim også.

Nytt prestegjeld – ny kyrkje

Og så rann åra. Born vart døypte, salmar sungne og tårer tørka, medan folk bad sine bøner under den blå himmelkvelven i Vinje-kyrkja.
Slik levde kyrkja sitt rolege, trygge liv heilt fram til 1866. Då vart Vossestrand eige preste-gjeld, og året etter gjorde det nye soknestyret vedtak om at det skulle byggjast ny kyrkje.
Den fransk-amerikanske turisten Paul Du-Chaillu rapporterer frå åra rett etter 1870: ”Like ved bygda Vinje står ei fin, tømra kyrkje som er bygd for to hundre år sidan. Taket er boga og pryda med stjerner, og veggane malte i frodige fargar. To krossar, ein av jarn og ein av tre, er dei einaste monumenta på kyrkjegarden. Det vert ikkje halde gudsteneste lenger i kyrkja.”

Riving og auksjon

Den nye kyrkja stod ferdig i 1870, og gjorde gamlekyrkja til overs, slik turisten stadfestar. Dermed var det ikkje von for det gamle bygget, og i 1872 låg gudshuset demontert på bakken.
Soknestyret hadde gjort vedtak om at tømmeret frå gamlekyrkje skulle nyttast til soknehus på Draugsvoll – så stort hus som det var materialar til.
Innbuet og resten av materialane vart seldt på auksjon, og dermed spreidd ut over mange bygder. Mykje vart respektlaust handsama, men nokre familiar tok godt vare på det dei skaffa seg.
Kyrkjesølvet og eit krusifiks vart teke vare på i den nye kyrkja, og dei vakre glasmaleria finst på Historisk Museum i Bergen.

Oppdaginga av ein skatt

I seinare tid vart soknehuset på Vinje brukt som kommunehus for gamle Vossestrand kommune. Men i storkommunen Voss vart snart det gamle kommunehuset til bry og måtte bort. Under rivinga i 1985, oppdaga årvakne arbeidsfolk dei mest underlege ting då dei tok ned kledningen. Først dukka fram ein engel med venger, og sidan såg dei bokstavleg talt stjerner! For maleria frå gamlekyrkja hadde greidd seg godt, både englane og stjernene. Arbeidsformannen Ivar L. Løne stogga arbeidet straks, og med hjelp av Ivar K. Lydvo vart Fylkeskonservatoren kopla inn. Det vidare rivingsarbeidet vart gjort på dugnad, og tømme-ret lagra privat i mange år.
I dag ligg tømmeret i trygg forvaring hjå Voss Folkemuseum. Men ingen veit heilt omfanget av det som ligg lagra, og kva verdi det eigentleg har. Ingen veit heller omfanget av veggmaleria, som framleis er gøymt bak kommunegul maling. Og kor mykje restar og gjenstandar frå gamlekyrkja finst spreidd rundt på bygdene?
Denne spesielle kyrkjesaka fell mellom alle byråkratiske stolar. Men lokalt er det no stor vilje til å gjenreisa respekten for gamle Vinje kyrkje, og kanskje til og med reisa opp igjen sjølve bygget. Dette skriv me meir om i neste veke.

Skriv et svar