Av Knut Markhus. Avisa “Hordaland” 15. juli 2000
Dette er saken: I 1671 vart den gamle stavkyrkja på Vinje erstatta av den kyrkja som i dag har fått ny merksemd – eit lite, men svært fint dekorert gudshus. I 1872 vart dette rive, og kort etter sett opp att som soknehus på Draugsvoll. I 1985 vart også dette rive, og arbeidsfolka oppdaga kva materialar huset var sett saman av. No ligg dette lagra hjå Voss Folkemuseum, men er ikkje gjennomgått av fagfolk på kyrkjekunst og kyrkjebygg. Det knyter seg difor stor spenning til verdien av det som ligg i materialstablane.
Ei sak for heile, vide Voss.
Me ser for oss at arbeidet med gamlekyrkja på Vinje kan verta ei samlande oppgåve for heile bygda, og då meiner me heile Voss, seier brørne Ivar og Per Husdal. I første omgang ønskjer dei å få registrert materialane frå det rivne bygget. Men den store draumen er å gjenreisa kyrkja der ho ein gong stod.
Av Knut Markhus
Ivar K. Lydvo skreiv for ti år sidan ein artikkel i ”Hordaland” der han tala varmt for at Vinje-kyrkja måtte byggast opp att. No er det på tide at me arbeider vidare med dette, seier Ivar Husdal. Han har vakse opp med forteljingar frå det gamle Vinje-tunet.
Eg kan framleis hugsa Knut Bjørgås sitja og fortelja om den gamle kyrkja som han meinte aldri burde vore riven. Ho skal ha vore særskilt vakker. Ivar Husdal sitt forhold til gamlekyrkja er mest som ei forelsking, vedgår han, med dei følgjer det har for prioriteringane.
Blir du forelska i ei fin jente, er ikkje det første du tenkjer på kva ho kjem til å kosta deg i kroner og øre. Slik er det også i mitt forhold til Vinje-kyrkja. Prosjektet handlar om mykje meir enn økonomi, sjølv om også dette naturlegvis blir eit tema etterkvart.
Det går an!
Nøkkelen til suksess for saka ligg hjå Riksantikvaren. Det er presserande å få fagfolk til å sjå på materialane som ligg lagra, og slike fagfolk har Riksantikvaren. Tømmeret må i første omgang registrerast. Dernest må det avdekkast kva som finst av gamle maleri under malinga som vart stroken på den gongen tømmeret var soknehus. Riksantikvaren må også godkjenna alt som eventuelt blir gjort med det gamle tømmeret seinare.
Men Ivar Husdal reknar med det blir ein kamp for å få tak i hjelp hjå Riksantikvaren. Til vanleg syslar ekspertane her med bygg som allereie står, medan Husdal ikkje har noko eksisterande bygg å visa til. Difor manar han både bygdefolk og det offentlege til å engasjera seg i saka.
Det ligg ein inspirasjon i at det har skjedd før at ei kyrkje som låg i grus har reist seg igjen. Øye stavkyrkje på Vang i Valdres har ei slik historie. Denne vart riven i 1747, men då valdrisene i 1993 skulle reparera den nye kyrkja fann dei under murane til kyrkja 156 delar av den gamle stavkyrkja. I 1996 var den gamle kyrkja reist og innvigd.
Treng brei støtte
Ivar Husdal inviterer blant anna kommunen til å koma på banen. Han innser at det er urealistisk å venta noko økonomisk hjelp derfrå, men meiner det er ein stor vinst om kommunen verbalt støttar prosjektet.
Sjølv om dei som arbeider for denne kyrkjesaka har operert i det stille til no, er det eit au-kande engasjement blant bygdefolk. Ivar B. Løne har allereie samla inn 113 underskrifter frå folk som seier seg interesserte i at kyrkja skal byggjast opp att.
Løne har elles ei særskilt interesse i eit sidespor av prosjektet. ”Djevelen frå Vossestrand” er ein treskulptur som stod ved inngangsdøra til den aller første kyrkja på Vinje. No finst denne på Nordiska Museet i Stockholm.
Kanskje dei har lyst å koma heim til Vinje no, både denne djevelen, det lagra tømmeret og gjenstandar frå kyrkja som finst rundt på bygdene, undrast Løne, men meiner at om djevelen no trivst best i Stockholm, så kan ein laga ein kopi som kan plasserast i kyrkja når ho er gjenreist.
Internett
Per Husdal har laga ei eiga heimeside på internett for gamle Vinje kyrkje. Her er det lagt ut ei mengd med informasjon om kyrkja, og om planane som finst for ho. Her kan ein også på web-siders vis skriva inn si eiga meining om tiltaket.
Per Husdal fortel at internettsatsinga er planlagt ikkje minst for å få interesserte norskamerikanarar med på prosjektet. Han går ut frå at pengepungane er tunge ”over there”, og håpar på dollarsponsing frå folk som ættar frå Voss.
Vegen vidare
Det vil snarleg verta skipa eit interrimstyre som skal driva arbeidet vidare, og ikkje minst øva press på styresmaktene. Sjølv om gjenreisinga av den gamle kyrkja ikkje står øvst på arbeidslista, så er likevel dette det store målet. Men eldsjelene Husdal veit at vegen er lang fram til dette.
Men om ikkje me som arbeider med saka no greier å realisera dette punktet, så ønskjer me iallfall å leggja til rette slik at dei som kjem etter oss kan fullføra verket, seier dei. Det er vår plikt til å bringa vidare den arven me har fått – at me ikkje forspiller denne.


