Byggekontrakt med Magne Essem (for Gamlekyrkja på Vinjo)
Roald Lyngvær og Kjell Nese : (Oppheim og Vinje kyrkjer, Voss 1971)
Etter at middelalderkyrkja hadde vore i bruk i fleire hundre år, var kyrkja ikkje lengre tidhøveleg. Kring 1670 vart det teke avgjerd om at nye kyrkjer skulle reisast på Vinje og Oppheim. Alt i kyrkjerekneskapen for 1668/69/70 finn ein desse opplysningane (kvart kyrkjerekneskap femner om 3 år så ein finn ikkje det nøyaktige året):
“Betalt til Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfang til Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl” “Iligemaader er Betalt Magne Essen, med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhuss af nye at opbygge efter Contract, 70 Rdl”.
Denne «Magne Essen» er ikkje nokon annan enn Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger på Strilelandet, og bror til lensmannen og sageigaren Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheims-karane hadde sjølv sagbruk, og var blant del fyrste bønder som tok til med byggjeverksemd i Bergen i større omfang. Som det går fram av kyrkjerekneskapen held han sjølv material til kyrkja og hadde med sine eigne arbeidsfolk. Ein må tru at «Contracten» vart slutta i Bergen anten av bispen, eller av stiftsskrivaren som er nemnt noko seinare i rekneskapen.
Kvar kom tømmeret frå?
Om Kyrkjeteigen og tømmer fløyting frå Sygnastrond (Oppheim sokn) i siste halvdel av det 15. århundre. Tømmeret til “Nye Vinjakyrkja” blei hogge i 1869-70. Vinje sokn har har altid hatt ein skogeigendom i Oppheim sokn, “Kyrkjeteigen”. Kyrkjeteigen ligg nordaust for Brandset. Skogen der veks seint.Kyrkjetømmeret vart mest trulig hogge der. Ei nærare gransking av tømmeret vil visa om dei grove tømmerstokkane, som er kløyvde på midten og deretter øksa til, kjem derifrå.
Aslak T. Helleve skriv dette i Gamalt frå Voss 1994: Skogsdrift og sagbruk på Voss på 1600-tallet:
På tinget 15. november 1680 vart spørsmålet om kven som fyrst hadde kjøpt tømmer frå Sygnestrond teke opp. (Sygnestrond var då Oppheim sokn, som den gongen høyrde til Sogn.) Dei tilspurde svara at Hans Larssen var den fyrste som kjøpte tømmer frå “Søgnestrand schoug”. Dette tømmeret vart flota etter Strandaelva og vidare etter Vosso.
På same tinget var “Lisbet i Fotlandsvågen” saman med Anders Garman, Klaus Miltzow og Hans Larssen innstemnde for å ha kjøpt ulovleg sagtømmer. Lisbet i Fotlandsvågen er nemnd fleire gonger fyrst på 1680-talet. Ho hadde sak med lensmann Rasmus Hanstveit om avgift for ei sag Hanstveit hadde. Lisbet åtte noko av grunnen ved elva, og det gjeld vel då leiga av grunn til saga. 25 På tinget på Voss orsakar Lisbet seg med at ho ikkje visste at det ikkje var lovleg å kjøpa smått sagtømmer.
Lensmann Johannes Andersson Øvre Mjelde (1660-1731) dreiv også tømmerhandel. Han reiste sjølv til Voss og henta tømmeret og flota det etter elva og fjorden fram til Bergen. Han slo seg opp og vart ein velhalden mann. Me ser her omritet av det som seinare vart ein vanleg trafikk: Strilar kjøpte tømmer på Voss, skar det til og sette opp hus heime, sidan tok dei ned att husa og førde materialane til Bergen der husa vart sette opp på nytt.
Tømmerstrilane kom til Voss på tømmerkjøp på haustparten eller førejolsvinteren og tinga seg tømmer for hogging og framdrift til Vosso til våren kom. Stundom kjøpte dei skog på rot og dreiv tømmeret fram sjølve eller med leigehjelp, andre gonger vart tømmeret kjøpt på elvebarden om våren. Men i dei fleste høve var tømmeret tinga føreåt, difor vart desse tømmerhandlarane gjerne kalla “tingingsmenn”.
Merknad: Lisbet i Fotlandsvågen som er nevnt var seinare oppattgift med bror til Magne Essen. Magne Essen hadde kontrakt om bygging av kyrkja på Vinjo.
Ola Botolvson Sundve (1632 – 1711)
Ola var med og bygde den gamle kyrkja på Vinje. Han var og postbod. Av ein underoffiser frå Jämtland lærde han å brenna jern, og han fekk seg omn på Sundve. Han var ein god smed. Ei øks han laga er enno på Sundve.

Bilete av øksa (Foto Svein Ulvund)
Bilete av ein tømmestokk som truleg sto over døra. (Foto Svein Ulvund)
Kva skjedde etter 1871
Kyrkja vart rive i 1872. Innbuet vart selt på auksjon. Tømmeret vart brukt til nytt soknehus i Vinje sokn – og i bruk til 1964. I 1984 vart huset rive etter oppdrag frå Voss komune – tømmeret var tiltenkt som fyringsved. Tømmeret vart berga av nokre eldskjeler og lagra privat fram til 1995. (Les meir nedunder om korleis tømmeret vart berga). Frå 1995 er tømmeret teke vare på av Voss Folkemuseum.
Foto av tømmeret
Meir om korleis tømmeret vart berga
I 1866 vart vart Vossestrand eige prestegjeld. Vedtak om bygging av ny kyrkje vart gjordt i 1867. Vossestrand vart eige herad i 1868, det var då to valkrinsar. Vinje sokn valde sitt soknestyre, og Oppheim sitt soknestyre. Saman valde dei formannskap for Vossestrand herad. Fyrste store oppgåva for soknestyre i Vinje sokn var byggjinga av ny kyrkje.
Gamlekyrkja vart rive, og tømmeret frå gamlekyrkja nytta dei så til å byggja soknehus på Draugsvoll. I Oppheim sokn bygde dei sitt soknehus av kyrkjetømmer der. Heradshus på Vossestrand vart fyrst bygd i 1936.
Etter samanslåing av Voss, Vossestrand og Evanger kommunar til ein kommune i 1963 gjekk råderetten over soknehuset over til Voss kommune.
I 1984 vart det avgjort at huset skulle bort. Idrettslaget Ørnar fekk oppdraget med å sage det opp til ved.
Soknehuset på Vinje
Soknehuset og kyrkja på Vinje
Ivar L. Løne leia arbeidet. Då dei tok av kledningen såg han hovudet av ein engel og litt av vengene. Han sa stopp og tok telefonisk kontakt med Voss kommune, men reaksjonen var negativ. Men noko måtte bli gjort for å stoppe øydelegginga og Ivar L. Løne telefonerte til Ivar K Lydvo for hjelp. Ivar K. Lydvo ringde så til Fylkeskonservator Nils Georg Brekke. Fylkeskonservatoren kom same dagen og stogga vidare øydelegging, meir kunne han ikkje gjera.
Ivar K. Lydvo, Styrkår Hirth og Sigmund Engeland drøfta kva som kunne gjerast vidare. Voss kommune var ferdig med saka. Voss Folkemuseum kunne på det tidspunkt ikkje ta seg av tømmeret. Tømmeret vart så teke ned på dugnad og lagra mellombels i løer tilhøyrande Sigmund Engeland. Ivar, Sigmund og Styrkår prøvde lenge med å få nokon til å interessera seg for tømmeret.
Lars Kjønnagard ville bygga eit kulturhus av tømmeret på eigedomen sin på Oppheim. Dette vart hindra av formelle årsaker og Lars Kjønnagard fekk tilslutt Voss Folkemuseum til å ta vare på tømmeret.




