Modellen av gamlekyrkja på Vinje kan symbolisera både det som har vore, og det som kan verta. Slik omlag ordla prost Knut Knudsen seg under eit stemningsfullt kranselag for kyrkjemodellen, som vart halde i Ivar Husdal sitt eldhus frå 1670. Les meir i Avisa Hordaland.
Kransegilde med alvor og skjemt
18. mai 2008Kyrkjebyggjarar in spe
18. mai 2008
Gamle Vinje kyrkje på Vossestrand er under oppattbygging på Seim i Gullfjordungen. I miniformat. Det er den gamle kyrkja på Vinje som no vert gjenskapt i storleik 1:20. Kyrkja stod høgre oppe i lia, og lengre aust enn dagens Vinjekyrkje. Les meir i bt.no.
Stort kranselag for lita kyrkje
18. mai 2008
Modellen av gamle Vinje kyrkje er komen under sperr. Kransen er på plass, og vart feira med tidsrett gilde. Med både prost og sokneprest på plass vart kranselaget i eldhuset til tradisjonsberar Ivar Husdal på Vinje ei blanding av kyrkjelege og verdslege tradisjonar. Les meir i bt.no.
Lagnaden til gamle Vinje-kyrkja
17. mai 2008Av Knut Markhus. Avisa “Hordaland” 15. juli 2000
Dette er saken: I 1671 vart den gamle stavkyrkja på Vinje erstatta av den kyrkja som i dag har fått ny merksemd – eit lite, men svært fint dekorert gudshus. I 1872 vart dette rive, og kort etter sett opp att som soknehus på Draugsvoll. I 1985 vart også dette rive, og arbeidsfolka oppdaga kva materialar huset var sett saman av. No ligg dette lagra hjå Voss Folkemuseum, men er ikkje gjennomgått av fagfolk på kyrkjekunst og kyrkjebygg. Det knyter seg difor stor spenning til verdien av det som ligg i materialstablane.
Kan gamle-kyrkja på Vinje reisa seg frå dei døde?
17. mai 2008Av Knut Markhus. Avisa “Hordaland” 8. juli 2000
I 1872 vart den då to hundre år gamle kyrkja på Vinje riven, og Vossestrand mista eit viktig kulturminne. Men kyrkja er aldri blitt gløymt, og kanskje er ho heller ikkje tapt for alltid. Mykje av tømmeret og inventaret er teke vare på, og mange meiner at Voss i dette sit på ein rik kulturskatt. I beste fall kan kyrkja gjenreisast.
I denne artikkelen skal me sjå på historia til Vinjekyrkja. Seinare skal me møta dei som engasjerer seg i denne heilt spesielle kyrkjesaka, og sjå på kva som er gjort og på dei djerve planane vidare.
Sendt av gamlestronde
Sendt av gamlestronde
Sendt av gamlestronde