Kvar er Gamle Vinje Kyrkje?

18. mai 2008
Start ved Vinje Turisthotel. Gå til fots. Fylg vegen bak hotellet forbi eit fjøs. I vegkrysset ovanfor fjøset står eit skilt “Kongevegen” Fylg Kongevegen vidare oppover forbi fleire gamle hus. Du kjem då opp til gamle Vinje der det enno står mange gamle hus. Vegen går der litt nedover og etter 60 meter kjem ein til ein gamal kyrkjegard med mur omkring. Der låg Gamle Vinje Kyrkje.
Vinje ligg ved E16, 120 km aust for Bergen, 20 km nord for Voss, 25 km vest for Gudvangen .

Vandregudsteneste til Jakobskyrkja

18. mai 2008

I “Pilgrimen” nr 1-2 2000 var det ein artikkel om ”Jakobskyrkja” på Vossestrand. Den er ei berghole som ligg ovanfor Vinje på 800 m høgd. Avstanden i luftlinje til Vinje kyrkje er ca 2 km, og same avstand til Oppheim kyrkje. Nemnde artikkel i Pilegrimen fortel om kva plass ”Jakobskyrkja” har i folkeminne og tradisjon.

Les resten av dette innlegget »


Vegen vidare

18. mai 2008

Mange vil spørja, kva vil ein med det gamle tømmeret og andre deler frå kyrkja som er teke vare på?

Nokre eldskjelene, som før er nemnde, og andre ynskjer:

1. Å få fagfolk til å registrera tømmeret og ta fram att veggmåleria som no er dekte med “kommune”-farge.

2. Å få laga ei informasjonstavle ved den gamle kyrkjegarden som ligg ved Kongevegen. Kongevegen vert meir og meir brukt av vandrarar, og dei vil gjerne ha informasjon om det dei går forbi.

3. Det endelege målet deira er å få sett oppatt ei kyrkje der den gamle sto. Det kan ta tid, men dei vonar å få sjå den nye-gamle kyrkja reist. Og klarer ikkje dei det, så vil andre som kjem etter få det til.

Det kan synast urealistisk å byggja oppatt kyrkja – men er det det?

I 1747 vart Øye stavkyrkje i Valdres rive. 200 år seinare fann ein att 57 stokkar av den gamle kyrkja. Nokre bygdefolk ville på dette grunnlaget setja opp ei ny kyrkje. Umogeleg og fantasi vart det sagt.
I dag står Øye stavkyrkje der og er ein av dei fremste kulturminna i Valdres.


Saker som er teke vare på

17. mai 2008

Det gamle tømmeret

Les resten av dette innlegget »


Soga om gamlakyrkjo på Vinjo, 1670-1872

17. mai 2008

Byggekontrakt med Magne Essem (for Gamlekyrkja på Vinjo)

Roald Lyngvær og Kjell Nese : (Oppheim og Vinje kyrkjer, Voss 1971)
Etter at middelalderkyrkja hadde vore i bruk i fleire hundre år, var kyrkja ikkje lengre tidhøveleg. Kring 1670 vart det teke avgjerd om at nye kyrkjer skulle reisast på Vinje og Oppheim. Alt i kyrkjerekneskapen for 1668/69/70 finn ein desse opplysningane (kvart kyrkjerekneskap femner om 3 år så ein finn ikkje det nøyaktige året):

Les resten av dette innlegget »