Personane bak denne nettstaden

Ivar Husdal. Han kom med ideen til denne nettstaden og har samla mykje informasjonar og foto som eg har brukt.

Carole Sass. Ho har vore til stor hjelp med oversettinga til engelsk og har også hjelp til med gjera dei engelske sidene lettare å lesa. Dwi engelske sidene er framleis på den førre utgåva av nettstaden.

Solveig Greve. Ho arbeider ved Universitetet i Bergen si biletsamling og har og hjelpt meg med å finna fram til gamle foto.

Knut Markhus. Han har skrive fleire lange artiklar i ”Hordaland” om gamlekyrkja på Vinje og på denne måten gjort saka kjend i Vossabygdene.

Sist men ikkje minst må vi nemna dei eldskjelene som som berga det gamle kyrkjetømmeret og arbeidde vidare med saka i mange år. Det er: Ivar L. Løne, Ivar Lydvo, Styrkår Hirth, Sigmund Engeland, Ivar B. Løne og mange andre.

Per Husdal. Han var den som laga første utgåva av denne nettstaden.

Jan Husdal. Han har omsett nettstaden frå den tidlegare utgåva, og laga ho slik ho er no, slik at dei som ynskjer å lesa om kyrkja kan gå inn i internett for til kvar tid å finna det nyaste om kyrkja.